NPK-NTB: Langvarig nedstenging gjer at Oslo-folk lengtar etter lette i tiltaka. Byrådsleiar Raymond Johansen meiner det no er forsvarleg å starte ei gradvis gjenopning.
– Så lenge smittetala held fram med å falle, talet på innlagde ikkje er for høgt og delen vaksinerte stig, meiner vi at det no er forsvarleg å starte ei gradvis og kontrollert gjenopning, skriv Johansen til Aftenposten.
Tysdag klokka 16 skal byrådsleiaren orientere om kva koronatiltak som skal gjelde i Oslo i første halvdel av mai.
Ifølgje Johansen vil byrådet prøve å vere «så presis som mulig» når dei skal leggje fram gjenopningsplanen.
– På den eine sida skulle vi veldig gjerne vere veldig føreseielege for befolkninga og næringslivet og gje klare datoar å innrette seg etter. På den andre sida har pandemien, igjen og igjen, vist oss at han er svært uføreseieleg. Å opne opp for deretter å måtte stengje ned igjen, det vil byrådet for all del unngå, seier han.
Den sosiale nedstenginga av Oslo har vart sidan november.
Søndag vart det registrert 51 nye smittetilfelle i Oslo. Det er 84 færre enn snittet dei sju tidlegare dagane og 37 færre enn same dagen førre veke.
Publisert: 27.04.2021 07:25
Sist oppdatert: 27.04.2021 07:28