Kort fortalt

Over 100.000 ledige stillingar

Det er det høgaste nivået på ti år.

12.05.2022

I første kvartal i 2022 var det over 100.000 ledige stillingar i Noreg. Dette er det høgaste nivået på over ti år.

Talet på ledige stillingar voks med 7.000 frå fjerde kvartal i fjor til første kvartal i år. Det svarer til ein oppgang på 7,3 prosent. Det viser sesongjusterte tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Talet på ledige stillingar var rekordhøgt i heile 2021. Dette kvartalet ser vi ein ytterlegare auke, og talet på ledige stillingar er no over 100.000, det høgaste nivået på over ti år, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og lønn i SSB.

Samtidig er arbeidsløysa på det lågaste nivået sidan 2009.

Tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at arbeidsløysa har falle til 3,1 prosent dette kvartalet, som er det lågaste nivået som er målt sidan 2009.

Etterspurnaden etter arbeidskraft er særleg høg i bygg- og anleggsbransjen, og veksten i fjor var høgare enn vanleg.

– Vi ser at mange pendlar til Noreg for å jobbe. Berre i byggje- og anleggsbransjen er det ein auke på 7,2 prosent dette kvartalet, men nivået er ikkje tilbake på same nivå som før korona, seier Køber.

Publisert: 12.05.2022 08:31

Sist oppdatert: 12.05.2022 08:32

Mer om