Kort fortalt

Over 150 avlyste flygingar måndag

– Det byrjar å bli krevjande

27.06.2022

Det er måndag meldt om minst 153 kansellerte flygingar, skriv VG. Situasjonen byrjar å bli krevjande, opplyser SAS.

Natt til søndag vart konflikten mellom NHO Luftfart og Norsk Flytekniker Organisasjon (NFO) trappa opp med lockout, og 450 flyteknikarar får ikkje gå på jobb.

Ifølgje opplysningar VG har samla inn, vart 199 avgangar innstilte søndag. Måndag har minst 153 flygingar vorte kansellerte, dei fleste av dei hos Widerøe.

– Vi prøver så godt det lèt seg gjere å gjennomføre flygingar både mellom strekningar som til dømes Bergen og Tromsø, men også utanlandsflygingar, sa kommunikasjonssjef Catharina Solli i Widerøe søndag kveld.

SAS har innstilt 16 avgangar, både innanriks og utanriks. Dei er likevel ikkje relaterte til konflikten. SAS har hittil ikkje kansellert flygingar som følgje av streiken, noko som hovudsakleg kjem av innfasing av nye Airbus-fly som krev mindre vedlikehald enn Boeing-flya dei erstattar.

Men no kan situasjonen raskt endre seg, ifølgje den norske pressesjefen i selskapet Tonje Sund.

– Det byrjar å bli krevjande, og vi ser at det kan komme kanselleringar. Det skjer uventa ting i ein operativ flykvardag, og etter kvart som tida går, så kan det komme kanselleringar. Kjem det ei uventa hending no, så vil det fort få konsekvensar, seier Sund til NTB.

Norwegian hadde tre kanselleringar søndag og har førebels kansellert to avgangar måndag. Flyselskapet Flyr er ikkje ramma av streiken sidan dei ikkje har tilsette som er organisert i NFO.

Publisert: 27.06.2022 09:43

Sist oppdatert: 27.06.2022 09:44