Over 400 evakuerte frå cruiseskip i Stranda
Varmgang i elektromotoren om bord i kystruteskip.
(NPK-NTB): Kystruteskipet Havila Polaris har hatt varmgang i ein elektromotor som forsyner kraft til propellsystemet. Skipet har lagt til kai i Stranda.
– Det går no føre seg evakuering av passasjerar og mannskap frå skipet til Stranda sentrum. Brannvesenet melder at dei har kontroll om bord, melder politiet i Møre og Romsdal på X, tidlegare Twitter.
Det er ikkje meldt om nokon personskadar og reiarlaget påpeiker at det ikkje har vore brann om bord.
Skipet kom frå Bergen og var på veg inn i Geirangerfjorden då hendinga skjedde litt etter klokka 13 onsdag. Litt etter klokka 14 opplyste Hovudredningssentralen i ei melding på X at situasjonen var under kontroll og at alle passasjerane skal ha kome på land.
Skipet har 397 passasjerar og eit mannskap på 68 personar om bord, opplyser Havila Kystruten AS i ei pressemelding.
– Reiarlaget er i kontakt med lokale redningsinstansar og brannvesen og vil vurdere fleire tiltak, skriv selskapet vidare.
(©NPK)
Publisert: 24.07.2024 14:34
Sist oppdatert: 24.07.2024 14:41