Kort fortalt

Over ein milliard kroner i Mowi-utbytte

Dobla driftsresultat i første kvartal.

11.05.2022

NPK-NTB: Mowi deler ut éin milliard kroner i utbytte etter eit solid første kvartal. Lakseselskapet fekk eit driftsresultat på 207 millionar euro.

Driftsresultatet er nesten ei dobling frå 109 millionar euro i same periode året før. Selskapet, der milliardæren John Fredriksen er største eigar, omsette for 1,095 milliardar euro i første kvartal.

Mowis første kvartal var prega av kraftig auke i prisen for laks på grunn av sterk global etterspurnad og lågt tilbod, skriv selskapet i ei børsmelding onsdag.

– Auken i lakseprisane etter pandemien har vore imponerande. Laksen er eit fantastisk produkt med unike eigenskapar som også dreg nytte av sterke megatrendar, og eg trur dette kjem til å styrkje etterspurnaden vidare framover, seier konsernsjef i Mowi, Ivan Vindheim i meldinga.

Som følgje av dei knallsterke tala vil Mowi betale ut utbytte på 1,95 kroner per aksje. Av dette er 1,44 kroner per aksje ordinært utbytte og 0,51 kroner per aksje ekstraordinært utbytte som følgje av ein sterk finansiell posisjon og gode framtidsutsikter.

Mowi skriv at verdsøkonomien for tida står overfor eit sterkt inflasjonspress, men at høge lakseprisar så langt har meir enn vege opp for dei auka kostnadene.

– Vi forventar at laksen vil halde fram med å utmerke seg samanlikna med andre animalske protein på grunn av den effektive fôrutnyttinga, låge energibruk og unike posisjon når det gjeld berekraft, seier Vindheim.

Publisert: 11.05.2022 07:49

Sist oppdatert: 11.05.2022 07:51