Kort fortalt

Over ein million laks døydde i Mowi-anlegg

Ei av dei verste hendingane i selskapets historie.

07.11.2025

(NPK-NTB): Medan dei første tapstala tydde på snautt 200.000 døde laks i Mowis anlegg i Flekkefjord, er talet no oppe i 1,15 millionar, skriv Avisen Agder.

I rapporten til Mattilsynet mistenkjer Mowi ifølgje avisa at dødsårsaka var ein kombinasjon av svekt gjellehelse, alge/mant i sjøen og oksygensvingingar.

I byrjinga av oktober døydde 1,15 millionar laks med ei vekt på 1–3 kilo. Det svarer til omkring 15 prosent av all laksen i anlegga, og verdiar for 150 til 200 millionar kroner i utsalspris gjekk tapt.

Alle anlegga i Flekkefjord vart hardt ramma, og dette er ei av dei største hendingane med laksedød i Mowis historie, opplyser driftsleiar Vegard Hanssen på anlegget Pinnen.

– Det er krevjande når så mykje av dødelegheita er knytt til hendingar i naturen som vi ikkje rår over. Men det blir jobba kontinuerleg med å sikre fiskevelferda best mogleg, seier kommunikasjonsdirektør Morten Bertelsen i Mowi Norge.

(©NPK)

Publisert: 07.11.2025 17:24

Sist oppdatert: 07.11.2025 17:24

Mer om