NPK-NTB: For første gong har fisket av den uønskte arten pukkellaks vorte rapportert. I den ordinære sesongen vart det fiska 10,5 tonn av han.
Det viser tal som (SSB) la fram fredag.
9,6 tonn vart fiska i Finnmark og 0,6 tonn i Troms. Samtidig er det rapportert fangst av pukkellaks så langt sør som i Rogaland.
Pukkellaks er ein stillehavslaks som vart sett ut på Kolahalvøya frå 1956 til 1998. Han spreidde seg først til dei nordlege elvane i Noreg, og det er no påvist sjølvreproduserande bestandar. Arten er ikkje ønskt i Noreg.

Publisert: 22.11.2019 09:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31