(NPK): Kveita overlever såkalla fang-og-slepp-fiske, viser ein ny studie.
Det er forskarar ved Havforskingsinstituttet og Universitetet i Tromsø som no har studert korleis det gjekk med elleve radiomerkte kveiter som vart tatt på krok og så sett ut igjen i sjøen. Alle overlevde dei den kritiske fasen, dei 72 første timane etter at dei vart henta opp av sjøen. Etter den tid hadde forskarane data for ti av kveitene.
– Åtte av dei ti viste ikkje teikn til langtidsdødelegheit. For to av fiskane vart vi litt usikre, for dei stod plutseleg i ro etter litt over ein månad. Det er uvisst om dette kom av at dei dødelegheit, eller om merka rett og slett fall av og låg på botnen, seier Keno Ferter ved Havforskingsinstituttet til .
Forskarane konkluderer studien med at overlevinga generelt er høg, så sant kveita blir skånsamt behandla og ikkje har alvorlege krokskadar og store blødingar.
Biolog og fagleg rådgivar i Dyrevernalliansen Susanna Lybæk meiner på si side at fang-og-slepp-fiske er uetisk og uakseptabelt uansett.
– Vi meiner rekreasjonsfiske ikkje bør skje i det heile tatt. Det er fullstendig uetisk at fisk skal risikere å bli fanga igjen og igjen. Slik behandling hadde vekt sterke reaksjonar hos folk flest dersom det gjaldt andre dyreartar, seier Lybæk til NRK.
Ferter seier seg einig i at undersøkinga ikkje seier så mykje om dyrevelferd, til dømes stressreaksjonar som følgje av fangstmetoden.
– Det vil vere problematisk å seie at det skal vere fritt fram for fang-og-slepp. Vi veit lite om dei ikkje-dødelege effektane, og det er viktig å sjå på dette òg, seier Ferter. (©NPK)

Publisert: 31.10.2016 13:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43