Julehandelen i kjøpesentera hadde siste veke før jul ein vekst på 1,5 prosent samanlikna med fjoråret, melder Virke.
Kjøpesentera melder om merkbar auka julehandel samanlikna med fjoråret. Det same gjeld for netthandel. Dei frittståande sentrumsbutikkane melder derimot om ein moderat oppgang på 0,4 prosent, ifølgje ei oversikt frå Kvarud Analyse.
– Vi ser ut til å få same utvikling i julehandelen i år som i fjor, med vekst i kjøpesenter og netthandel og oppbremsing i sentrumsbutikkar, seier leiar for handelspolitikk i Virke, Jarle Hammerstad.
Samanlikna med siste jul før koronapandemien, i 2019, er derimot omsetninga butikkhandelen i kjøpesentera 9,4 prosent lågare. Det er særleg kles- og skobutikkane som er hardt ramma, med ein nedgang på 19 prosent. Serveringsstadene inne på kjøpesentera hadde tidlegare i advent kraftig oppgang samanlikna med fjoråret, men denne utviklinga fall kraftig tilbake førre veke.
– Dette tyder på at det er færre som er innom sentera enn i eit vanleg år. Dei som besøkjer kjøpesentera, er der for å gjere unna julehandelen, seier Hammerstad, som no håpar på ei sterk avslutning før butikkane stengjer julaftan.
Ifølgje Virke vil 22. desember vere årets største handledag med ei dagsomsetning på over 3,5 milliardar kroner.
Publisert: 23.12.2021 08:59
Sist oppdatert: 23.12.2021 08:59