NPK-NTB: I april vart det kjent at Teknisk Ukeblad legg ned papirutgåva. Torsdag 12. desember kom aller siste utgåve, skriv Medier24.
– Sjølv om vi har hatt god tid på å førebu oss, var det vemodig då vi sende bladet til trykk førre veke, og eg visste at det var for aller siste gong. Det blir ein stor overgang, seier utgåvesjef Mona Strande.
Samtidig blir dei færre i bladet. Ti personar har teke sluttpakke.
Teknisk Ukeblad er eigd av fagforeiningane Tekna og Nito. Bladet kjem ut til 130.000 medlemmer og fylte 170 år 11. april. I 1854 kom det ut med namnet Polyteknisk Tidsskrift.
Publisert: 12.12.2024 13:58
Sist oppdatert: 12.12.2024 13:58