Kort fortalt

Partia fekk rekordmykje støtte i fjor

Oversikt frå SSB.

16.08.2022

(NPK-NTB): Dei politiske partia fekk i fjor 139 millionar kroner i bidrag frå organisasjonar, bedrifter og privatpersonar.

Det er vanleg at partia får meir i valår enn i mellomvalår. Men med 139 millionar kroner i bidrag i fjor, vart den samla summen av bidrag for første gong meir enn 100 millionar kroner, skriv Statistisk sentralbyrå.

Organisasjonar i arbeidslivet er dei som gir dei største bidraga. Desse står for 51 millionar kroner. Privatpersonar har gitt samla bidrag på nesten 40 millionar medan kommersielle føretak har bidrege med vel 30 millionar til partikassane.

Arbeidarpartiet er partiet som får desidert mest i bidrag, med 47 millionar kroner. 37 millionar av desse kjem frå organisasjonar i arbeidslivet. Ifølgje nettsida Partifinansiering.no stod LO for 22 millionar av desse.

Tradisjonelt har det vore Høgre som har fått dei største bidraga frå privatpersonar, men i fjor vart dei forbigått av Miljøpartiet Dei Grøne. MDG fekk i fjor 9 millionar kroner frå privatpersonar, medan Høgre låg bak dei med 8,4 millionar kroner.

Bidraga utgjer likevel berre 17 prosent av dei totale inntektene til partia. Størstedelen kjem frå offentleg støtte med 64 prosent.

(©NPK)

Publisert: 16.08.2022 10:41

Sist oppdatert: 16.08.2022 11:07

Mer om