(NPK-NTB): Frå 2014 til 2015 auka omsetnaden med 5,4 prosent i overnattings- og serveringsverksemder i Noreg. Det viser førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå.
Omsetnaden runda dermed 75 milliardar kroner i fjor. Restaurantverksemd åleine auka omsetnaden med 9,3 prosent, melder SSB.
Sysselsettinga i desse næringane auka med 14,5 prosent til i underkant av 112.000 personar, men noko av den sterke veksten kjem av endring av datagrunnlaget for utrekning og er derfor ikkje direkte samanliknbart. (©NPK)

Publisert: 26.10.2016 10:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43