Passerte ti millionar i Geiranger
Geiranger-restaurant med ny rekord.
Restauranten Brasserie Posten ligg ved sjøkanten i Geiranger. Selskapet har bakgrunn tilbake til 2011, og omsette i fjor for første gong over ti millionar kroner. Forrige rekord var frå 2019 og var på 8,6 millionar.
Restaurantdrifta har gått i pluss sidan 2013., selskapet har 1,2 millionar kroner i eigenkapital og 0,2 millionar i langsiktig gjeld.
Malin Meråk eig 48,2 prosent av selskapet, medan Kenneth Skarbø Løten eig 44,6 prosent. I tillegg eig Stian og Caroline Meråk kvar 3,5 prosent.
I fjor sysselsette selskapet seks årsverk.
Restauranten har utvikla sitt eige varemerke, kalla Geirangermat, basert på lokale tradisjonar og oppskrifter, blant anna ein eigen Geirangermør.
Brasserie Posten | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 10 | 8,2 | |
Driftsresultat | 0,1 | 0,1 | |
Resultat før skatt | 0,1 | 0,1 |
Publisert: 30.05.2023 07:30
Sist oppdatert: 30.05.2023 06:59