Kort fortalt

Pengane straumer inn for nettselskap

Det er lukrativt å drifte straumnettet i nordvest

Linn Antonie Vårdal Solheim
25.07.2023

Driftsinntektene for 2022 er noko ned samanlikna med året før, men selskapet har sitt beste årsresultat før skatt nokon gong.

Resultatet på 137,2 millionar er ein auke på 603 prosent frå året før.

Nettselskapet har eit godt driftsresultat, opp med meir enn fem millionar samanlikna med 2021, men det er først og fremst finansinntektene som sikrar den enorme auken.

I 2022 selde Nordvest Nett eigardelen sin i Tafjord Connect, og realiserte ein gevinst på 32 millionar kroner ved salet, i tillegg til realisering av investeringa.

Vestnes Energi og Ørskog Energi eig selskapet. Det er kommunane Fjord, Ålesund og Vestnes som står bak, med Vestnes kommune som største eigar med sin andel på 63,5 prosent.

Tall i millioner kroner
Nordvest Nett
2022 2021
Driftsinntekter 128,6 134,8
Driftsresultat 26,1 20,9
Resultat før skatt 137,2 19,5

Publisert: 25.07.2023 11:00

Sist oppdatert: 25.07.2023 12:10

Mer om