Kort fortalt

Støtte til Svaneapoteket og Slinningbua

Gir 14,8 millionar til kulturminne-prosjekt i Møre og Romsdal.

NPK
15.07.2022

Slinningbua og Svaneapoteket i Ålesund, eit våningshus i Rauma, Blindheim Cementstenfabrik i Sykkylven og reperbanen i Kristiansund er blant dei 27 prosjekta som får støtte til vedlikehald og istandsetting frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Den 9. mars fordelte Kultur-, næring og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune tilskot på 14,8 millionar kroner til i alt 27 prosjekt frå sør til nord i fylket, skriv fylkeskommunen.

Det største tilskotet, på i overkant av 2 millionar, går til fartøyet M/B Tafjord. Fartøyet blei ramma av Tafjordulykka i 1934, då det blei slengt 60 meter opp på land som følgje av tsunamien etter fjellskredet. Slinningbua, Storgata 23 i Ålesund, våningshuset på Nerhole i Rauma og reperbanen i Kristiansund får også store tilskot.

Tildelingane gjeld hovudsakleg overføringar frå ulike tilskotspostar i statsbudsjettet. Vel 10 millionar er direkte tilskot for 2021 medan i overkant av 4 millionar er tilskot for 2022.

– Målet med tildelingane er å bidra til at kulturminne og kulturmiljø får det vedlikehaldet dei treng, og vi ser at behovet for ei slik økonomisk støtte er stort, seier fungerande leiar i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet Joakim Skaar.

Publisert: 15.07.2022 11:38

Sist oppdatert: 15.07.2022 11:49

Mer om