Kort fortalt
Permisjonar og oppseiingar i Spenncon
Kring halvparten av dei tilsette er utan arbeid.
24.10.2023
Spenncon Hjørungavåg har permittert 30 tilsette og sagt opp sju i løpet av året, ifølgje Vikebladet.
Hareid-firmaet merkar godt nedgangen som har råka bygg- og anleggsbransjen.
Daaetunet i Spjelkavika med 74 bustader er det store prosjektet Spenncon jobbar med, men bedrifta treng meir oppdrag for å halde alle i arbeid.
– Vi har heldigvis arbeid på det prosjektet fram til påske neste år. Det representerer derimot under halvt belegg for oss, så det er ingen tvil om at vi treng meir arbeid framover, seier dagleg leiar regionsjef Hans Jostein Røyset til avisa.
Publisert: 24.10.2023 17:58
Sist oppdatert: 24.10.2023 17:58