Kort fortalt

Permitteringsvarsel i Brimer

Brimer på Kvamsøya har sendt permitteringsvarsel. 

07.11.2016
Heile arbeidsstokken har fått varselet, men berre eit fåtal blir permittert.
Det er "litt utfordrande" ordresituasjon for deler av produksjonen, i følgje Vestlandsnyt,
Brimer produserer tanker, vassbasseng og siloar av glasfiberarmert plast til mellom anna vassforsyning, vassrensing, kloakkrensing, fisk og fiskeforedling, industri, offshore og landbruk.
Midtvest Fondene gjekk saman med Spilka International og satsa 12 millionar kroner på å kome inn på eigarsida i mai 2015. Dei to nye medeigarane fekk en eigarandel på 54 prosent fordelt med 32,5 prosent på Midtvest og 21,7 prosent på Spilka International. Resten av aksjane er eigd 46 prosent av Brimer Holding, og der Jarle Støylen er hovedaksjonær.

Publisert: 07.11.2016 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43