(NPK): For 9.000 kroner kan det kan bli mogleg for oss å få personlege bilskilt på bilen, viss Vegdirektoratet får det som dei vil.
– Vi føreslår ei ordning der dei som ønskjer kan bestille personlege bilskilt til bilen sin. Det vil koste 9.000 kroner å få sitt eige bilskilt der ein innanfor visse grenser kan bestemme bokstav- og nummerkombinasjonen sjølv. Det er sjølvsagt ein føresetnad at kombinasjonen ikkje allereie er i bruk, seier seksjonssjef Heidi Øwre i Vegdirektoratet i ei pressemelding.
Dei personlege bilskilta vil vere like store som ordinære bilskilt.
– Vi vil ikkje godkjenne personlege bilskilt som kan oppfattast som støytande eller upassande på nokon måte, understrekar Øwre.
No er forslaget frå Vegdirektoratet sendt ut på høyring. Dersom ordninga blir noko av, kan ho byrje gjelde frå første halvår av 2017.

Publisert: 07.10.2016 10:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44