Kort fortalt

Personskatten litt redusert

Folk flest får eit par tusenlappar ekstra.

06.10.2016
(NPK-NTB): Jamt over får alle litt skattelette med statsbudsjettet, men for dei fleste dreier det seg om eit par tusenlappar i året.
Forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB har rekna på kva budsjettet får å seia for eit gjennomsnittshushald:
– Tener du ein halv million, har tre millionar i lån og to barn vil du få ei skattesparing på rundt 4.000 kroner per år med dette budsjettet, seier ho til NTB.
Hovudårsaka er at personskatten blir redusert frå 25 til 24 prosent.
– Budsjettet har skattekutt over heile linja, noko som først og fremst er bra for bedriftene, slik at dei får eit større overskot å investera.
Sandmæl peikar også på at regjeringa, i tråd med politikken sin, gjer det gunstigare å investera i næringslivet enn i ekstra eigedom:
– Med forslaget til aksjekonto, der ein kan selja og kjøpa aksjar utan å betala skatt, og ein 20 prosents formuesrabatt på aksjar i 2018, gjer dei det attraktivt å ikkje berre spara i sekundærbustad.
Viss folk heller investerer i aksjar enn i sekundærbustad, vil det både stimulera økonomien i selskapa og gjera presset på bustadprisane mindre. (©NPK)

Publisert: 06.10.2016 14:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44