Kort fortalt

Planar om nytt kaihus i Hellesylt

Viste fram teikningar for nysatsing.

16.06.2022

Onsdag vart det lagt fram teikningar for eit nytt, miljøvenleg bygg for båtfolk, turistar og lokal busetnad på Hellesylt, ifølgje nettstaden Hellesylt.info.

Arbeidet er gjort gjennom eit klimasats-prosjekt og teikningane er utarbeida av Nordplan Nordfjord.

Henrik Tryggestad Koi i Nordplan Nordfjord fortalde at dei såg føre seg bruk av overskotsvarme frå hydrogenproduksjon, frå sjøvatn, berg og jord, i tillegg til solenergi til oppvarming.

Bygget har fire toalett, gang og stor sal med overbygde inngangar. Truleg blir planane liggande på vent ei stund, fordi det ikkje er avklart kva som skjer med ferjekaia i Stranda-bygda, iføge nettstaden.

Publisert: 16.06.2022 08:38

Sist oppdatert: 16.06.2022 08:39

Mer om