Kort fortalt

Planen for gjenopning står ved lag

Høie med pressekonferanse fredag.

27.08.2021

(NPK-NTB): Planen om å gå til trinn fire i gjenopninga av samfunnet når alle over 18 år har fått tilbod om første vaksinedose, står ved lag, understrekar helseministeren.

– Men uansett kva planar vi legg, er det data og ikkje datoar som styrer tempoet i gjenopninga, sa helseminister Bent Høie (H) då han heldt pressekonferanse om koronasituasjonen fredag.

Styresmaktene vil gå til trinn fire i gjenopningsplanen når alle over 18 år har fått moglegheit til å verne seg mot alvorleg sjukdom, altså tre veker etter at dei har fått tilbod om første vaksinedose.

– Regjeringa vil snart ta ei avgjerd om vidare gjenopning basert på råd frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, men vi må vere førebudde på å stoppe opp viss utviklinga går i feil retning, sa Høie.

(©NPK)

Publisert: 27.08.2021 13:02

Sist oppdatert: 27.08.2021 13:03

Mer om