Kort fortalt
Planlegg luftsportssenter i Loen
Håpar på ti nye arbeidsplassar.
23.09.2021
(NPK): Espen Fadnes og Amber Forte meiner Loen kan bli Noregs hovudstad for luftsport.
Paret valde å busette seg i Loen mykje på grunn av Loen Skylift, skriv Fjordingen. Dei meiner bygda bør ta mål av seg på å bli Noregs hovudstad for luftsport til fjell og ønskjer å starte luftsportssenter med ti tilsette.
– Tenk dykk eit luftsportssenter i botnen av Loen Skylift der luftsportsfolket kan samlast og kursast. Ein plass der born og vaksne kan teste ut wingsuit-tunnel. Det er det vi drøymer om, seier paret.
(©NPK)
Publisert: 23.09.2021 13:18
Sist oppdatert: 23.09.2021 13:19