Kort fortalt

Politiet legg vekk fiskerikrangel

Sunnmørsreiar skjelt ut på VHF-en.

11.05.2022
Politiet har lagt vekk saka der ein fiskebåtreiar på Sunnmøre melde ein nordlending for ærekrenking, skriv Sunnmørsposten.


– Saka er lagt vekk fordi ein ikkje finn grunn til å undersøke om det ligg føre straffbare forhold, opplyser politiadvokat Kristine Pedersen ved Nordland politidistrikt til avisa.

Krangel om fiskeplassen utanfor Røst i Nordland gjekk føre seg i mars mellom fiskebåtreiar Einar Helge Meløysund og reiaren Sindre Johan Dyb frå Godøy. Førstnemnte skal ha kalla sunnmøringen for «forbainnade hælvettes sleipe hæstkuk» over VHF-radioen.

Publisert: 11.05.2022 12:14

Sist oppdatert: 11.05.2022 12:16

Mer om