NPK-NTB: NHO krev ei utgreiing av ulike modellar for å kutte i sjukelønna. LO seier blankt nei, men no opnar både YS, Unio og Akademikerne for utgreiingar.
Dagens avtale om inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) går ut ved nyttår. Forhandlingane om ein ny avtale starta i september, og det er sett ein frist i midten av november for å bli samde om ein fornya avtale.
Forhandlingane står likevel bom fast, og det er usikkert om det blir ein ny avtale, skriv FriFagbevegelse.
NHO krev ei utgreiing av ulike modellar for å kutte i sjukelønnsordninga. NHO meiner at ein bør kunne diskutere alt for å snu utviklinga i sjukefråværet, også alle sider ved sjukelønnsordninga, men har vorte møtt med ei kald skulder av LO, som seier blankt nei.
Det kan ende med at det ikkje blir nokon ny avtale, noko både YS og Akademikerne meiner vil vere svært negativt for norske arbeidstakarar.
– Vi meiner det er fornuftig slik situasjonen er, at ein kan snakke om alt. Under dette også sjukelønnsordninga, seier YS-leiar Hans-Erik Skjæggerud, samtidig som han understrekar at YS ikkje støttar kutt i sjukelønna.
Han er likevel for ein gjennomgang av kunnskap om sjukelønnsordninga, korleis ho verkar, og kva konsekvensar det har om ho blir endra eller kutta.
Både leiar Lise Lyngsnes Randeberg i Akademikerne og Unio-leiar Ragnhild Lied er også opne for at ein kan starte utgreiingar.
Publisert: 23.10.2024 07:47
Sist oppdatert: 23.10.2024 07:47