Kort fortalt

Pressekonferanse om korona i Ålesund

Sendast på Youtube i kveld.

Marius Rosbach
23.08.2021

Ålesund kommune vil halde ein pressekonferanse om koronasituasjonen måndag kveld klokka 19.30.

Det opplyser kommunen i ei melding på si heimeside.

Ålesund har opplevd ein rekke nye smittetilfelle dei siste vekene og smittesporinga er utfordrande, opplyser kommuneoverlege Victoria Guzenko Natvik.

Talet på innlagde på sjukehus i Helse Møre og Romsdal som følgje av korona, har likevel vore langt lågare, enn før sommaren.

Den siste veka har det vore mellom ein og to personar som har vore innlagt med korona i helseforetaket. Måndag steig talet til tre pasientar.

Sjå pressekonferansen under

Publisert: 23.08.2021 15:23

Sist oppdatert: 23.08.2021 15:25

Mer om