Kort fortalt

Støre kjem med koronanytt

Pressekonferanse laurdag.

11.02.2022

Regjeringa held pressekonferanse om koronasituasjonen laurdag klokka 10. Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) vil delta.

Sjå direktesending (startar laurdag kl. 10)

Helsedirektør Bjørn Guldvog og FHI-direktør Camilla Stoltenberg vil òg vere til stades under pressekonferansen, som blir halde i Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) sa tidlegare fredag til VG at lettar i koronatiltaka vil komme seinast torsdag neste veke.

– Vi nærmar oss tidspunktet for å løyse opp attverande tiltak, sa Støre.

Han er fredag i Brest i Frankrike i samband med eit hav-toppmøte, men reiser tilbake til Noreg fredag kveld

– 17. februar er datoen vi heilt sikkert vil gjere ei vurdering av lettar. Men det kan komme før, sa Støre.

FHI-direktør Camilla Stoltenberg sa fredag morgon til NRK at det no er rom for å lette på koronarestiksjonane.

– Vi har vore opptekne av å ha ein rett balanse mellom tempo i smittespreiing med tanke på å kunne handtere dette. No ser vi at det går bra, og at det er kapasitet til å handtere dei utfordringane vi står overfor når det gjeld sjukefråvær, belastning på sjukehus og i helsetenestene i kommunane, sa Stoltenberg.

– Det er svært få som blir sjuke, og med det som utgangspunkt, er det rom for å gjere ytterlege lettar i Noreg no, la ho til.

Publisert: 11.02.2022 15:57

Sist oppdatert: 11.02.2022 16:14

Mer om