Prisfall på mellom anna møblar og innreiing bidrog til at konsumprisindeksen fall med 0,1 prosent i mai.
Frå mai 2020 til mai 2021 auka likevel konsumprisindeksen med 2,7 prosent, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).
Kjerneinflasjonen, KPI-JAE, steig med 1,5 prosent i same periode.
SSB skriv at også matvareprisane bidrog til nedgangen på 0,1 prosent i prisane frå april til mai. Særleg matvarer som sjokoladeprodukt, meierivarer og spekemat viste nedgang i perioden, og samla sett sokk matvareprisane med 0,6 prosent.
I tillegg vart bøker vesentleg billigare, noko SSB set i samanheng med bokavtalen som frå 1. mai stiller fristiller fjorårets utgivingar frå ein fastpris.
I motsett retning bidrog særleg straumprisane, der det vart målt ein prisoppgang på elektrisitet inkludert nettleige på 4,6 prosent. Prisane på klede og sko bidrog òg til å dempe nedgangen i konsumprisindeksen.
Publisert: 10.06.2021 09:09
Sist oppdatert: 10.06.2021 09:22