Kort fortalt

Prisane på norske hotellrom står stille

Relativt billegare å bo på hotell.

25.10.2016
(NPK-NTB): Medan talet på utlendingar som overnattar på norske hotell, aukar, står prisane nesten stille. På åtte år har romprisen auka med 30 kroner.
Medan prisnivået på andre varer har auka med 20 prosent sidan 2008, har altså prisen på norske hotellrom knapt rørt på seg, skriv . Nye hotell og tøff konkurranse forklarer kvifor hotellovernattinga relativt sett er blitt betydeleg billigare. Samtidig har bransjen opplevd ein auke på 11 prosent i talet på utanlandske overnattingar hittil i år.
– Dei som ikkje følgjer med i timen, kan få inntrykk av at alt går veldig bra, men dei følgjer tydelegvis ikkje med på lønnsemdsutviklinga. Mange hotell slit truleg endå meir enn før for å halde hovudet over vatnet, seier analytikar Per-Erik Winther i Horwath HTL som står bak den årlege rapporten om helsetilstanden til hotellbransjen.
Frå 2008 og fram til i fjor auka inntektene per tilgjengelege rom med 0,2 prosent. Belegget held seg i overkant av 50 prosent, seier Winther.
– Norske hotell har høgast produktivitet i Norden, og vi betener dobbelt så mange rom per tilsett som for vel eit tiår sidan. Det har halde hotellprisen nede og konkurranseevna oppe. Samtidig er det slik at eitt av tre hotell tener ikkje pengar, seier direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv. (©NPK)

Publisert: 25.10.2016 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43