Prisane skapar mest ferie-irritasjon
Myggen på 2. plass.
85 prosent av dei spurde i den ferske undersøkinga seier dei brukar størsteparten av sommarferien i heimlandet, men at det på ingen måte er utan å irritere seg. Og det er prisane som skaper mest irritasjon.
– Prisnivået stikk av med den soleklare førsteplassen. 46 prosent av dei spurde seier at prisnivået irriterer dei under noregsferien, seier Heidi Tofterå Slettemoen, kommunikasjonssjef i Frende Forsikring.
Dette samsvarar godt med at nordmenn blir stadig meir uroa for privatøkonomien sin. I ei tid då Noreg har den sterkaste prisveksten sidan 1988 seier 80 prosent at dei uroar seg for privatøkonomien. 25 prosent svarar at dei er mest uroa over mat- og råvareprisane.
Det er spesielt prisen på drivstoff, straum og matvarer som har gått kraftig opp i år.
– Det gir meining av prisnivået er på ein soleklar førsteplass på irritasjonstoppen, seier Slettemoen.
Det er også verd å merkje seg at 24 prosent av dei spurde i undersøkinga svarar at dei ikkje irriterer seg over noko når dei er på ferie i Noreg.
Her er lista over kva som irriterer nordmenn mest på ferie i heimlandet:
- 1: Prisnivået
- 2: Myggen
- 3: Vêret
- 4: Flått
- 5: At det ikkje blir skikkeleg varmt
- 6: Kø til attraksjonar
- 7: Temperaturen i sjøen/havet
- 8: Andre nordmenn
- 9: At eg eigentleg vil til utlandet.
- 10: At det er lyst når eg skal sove.
(©NPK)
Publisert: 26.07.2022 10:04
Sist oppdatert: 26.07.2022 10:06