Kort fortalt

Prisfall på straum

23 prosent under fjoråret.

18.11.2019
NPK-NTB: Straumprisen i tredje kvartal i år låg i snitt på 42,5 øre per kilowattime. Det er ein nedgang på 23 prosent frå same periode i fjor, då prisen låg veldig høgt.
Prisen som oversikta til (SSB) er basert på, omfattar ikkje avgifter eller nettleige.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) trekker fram lågare brenselprisar og høgare magasinfylling som bakgrunn for at prisane ikkje nådde det nivået dei låg på i fjor.
Den totale straumprisen for hushald, medrekna avgifter og nettleige, var i gjennomsnitt 108,8 øre per kilowattime (kWh) i tredje kvartal i år. Dette er ein nedgang på 12 prosent samanlikna med same periode i fjor. Av den totale straumprisen utgjorde kraftprisen 39 prosent, nettleiga 28 prosent og avgiftene på elektrisk kraft dei resterande 33 prosentane.

Publisert: 18.11.2019 12:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31