Kort fortalt
Prishopp på 6,5 prosent
Prisane har stige med 6,5 prosent dei siste tolv månadene.
11.04.2023
Straumprisane bidrog mest, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).
Frå februar til mars 2023 steig prisane 0,8 prosent. Tolvmånadersveksten i mars enda på 6,5 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Kjerneinflasjonen (KPI-JAE) steig 6,2 prosent i same periode.
Årsaka til den auka veksttakten er først og fremst at prisane på straum steig meir frå februar til mars i år samanlikna med i fjor. Dette trekkjer prisendringa opp.
Publisert: 11.04.2023 08:20
Sist oppdatert: 11.04.2023 08:20