Kort fortalt

Prishopp på egg og kjøtt

Skal motverke kostnadsvekst hos bøndene.

NPK
02.02.2022

(NPK): Styret i Nortura vedtok tysdag ei ekstraordinær prisjustering på egg og ein del kjøttslag for å motverke den store kostnadsveksten hos bøndene det siste halvåret.

Engrosprisen på egg aukar dermed frå 28. februar med 1 krone per kilo, 2 kroner per kilo for gris og storfe og 1,50 kroner for lam, skriv Nationen.

Den relative prisauken er størst for egg og gris, høvesvis på 4,7 og 5,5 prosent. For storfe og lam aukar prisane med 2,9 og 2,1 prosent.

– Saman med prisauken som vart vedteken i haust, blir det ein betydeleg prisauke. Men dette er ikkje ein inntektsvekst for bøndene, det er ei ekstraordinær prissetjing på grunn av at kostnadene har auka så veldig for bøndene. Dette er ikkje eit lønsoppgjer, seier styreleiar Trine Hasvang Vaag i Nortura til Nationen.

Prisane på både straum, diesel, gjødsel og kraftfôr har auka kraftig det siste halvåret og har pressa inntektene ned for bøndene. Den ekstraordinære prisjusteringa skal kompensere inntektstapet.

Før Nortura gjorde vedtaket, var det klarert med bondeorganisasjonane og staten og godkjent av Omsetningsrådet, og styreleiaren i Nortura understrekar dei ikkje har gjort vedtaket på eigen kjøl.

– Det er ei ekstraordinær prisjustering som avtalepartane i jordbruksoppgjeret har sagt er greitt, og som Omsetningsrådet har sagt ja til. Vi håpar verkeleg at alle ledd får teke ut prisauken og dekt inn kostnadene, seier Vaag.

(©NPK)

Publisert: 02.02.2022 12:00

Sist oppdatert: 02.02.2022 12:01

Mer om