Kort fortalt

Prisråd for havbruk på høyring

Svarfrist 4. september.

29.06.2023

NPK-NTB: Ved framlegginga av forslaget om grunnrenteskatt på havbruk varsla regjeringa at ho ville opprette eit uavhengig prisråd. Høyringsforslaget blir sendt ut torsdag med frist 4. september i år.

Forslaget vil forenkle skattefastsetjinga og vere ressurssparande både for næringa og skattestyresmaktene, ifølgje regjeringa. I tillegg vil det redusere moglegheita for skattemotiverte tilpassingar.

Målet med eit uavhengig prisråd er å fastsetje rett marknadspris for fisken til bruk i skattefastsetjinga. Oppgåva til prisrådet skal vere å fastsetje marknadsverdiar for laks, aure og regnbogeaure, slik at oppdrettarane kan leggje desse prisane til grunn når dei bereknar brutto grunnrenteinntekt.

Forslaget om skipinga av eit uavhengig prisråd vart varsla i samband med framlegging av forslaget om grunnrenteskatt på havbruk. Grunnrenteskatten på havbruk vart vedteken i Stortinget 31. mai i år.

Publisert: 29.06.2023 09:50

Sist oppdatert: 29.06.2023 09:50