Kort fortalt

Prisveksten dempa seg i august

Steig 4,8 prosent frå august i fjor til august i år.

11.09.2023

(NPK-NTB-Ole Henrik Tveten): Prisane steig 4,8 prosent frå august i fjor til august i år. Utviklinga i straumprisane trekkjer tolvmånadersveksten ned frå juli, ifølgje SSB.

KPI fall 0,8 prosent frå juli til august, og var i august 4,8 prosent høgare enn for eitt år sidan, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå ( SSB ).

Tolvmånadersveksten er 0,6 prosentpoeng lågare enn i juli. Prisutviklinga på straum bidrog mykje til at tolvmånadersveksten fell for andre månad på rad.

– I fjor målte vi høg prisvekst på straum frå juli til august. I år er situasjonen motsett. Straumprisane fall i dei fleste delar av landet frå juli til august. Dette ein viktig grunn til at tolvmånadersveksten i KPI går ned, seier Espen Kristiansen i SSB.

Prisane på straum inkludert nettleige fall med 10,9 prosent frå juli til august i år. Dette gjer at prisane er 26,1 prosent lågare i august 2023 samanlikna med august 2022. Ifølgje Kristiansen er den av grunnane til fallet fyllingsgrada i vassmagasina i dei sørlege prisområda.

– Den har vore mykje høgare gjennom 2023 samanlikna med 2022 og då særleg i august etter mykje nedbør, seier han.

Tolvmånadersveksten i KPI frå august i fjor til august i år er den lågaste tolvmånadersraten vi har sett sidan april i fjor. Trass i nedgangen i tolvmånadersendringa frå førre månad, er prisveksten historisk sett framleis på eit høgt nivå.

Når det gjeld prisane på mat har dei stige med 9,3 prosent dei siste tolv månader. Frå juli til august fall matprisane med 0,8 prosent. Trass i fallet frå juli til august var prisane på matvarer i august 9,3 prosent høgare enn dei var for eitt år sidan.

– Matvareprisane er framleis den største bidragsytaren til at den samla prisveksten er så høg som han er, seier Kristiansen i SSB.

Matvaregruppene som har stige mest i pris sidan i fjor, er frukt, grønsaker, brød og kjøtt.

Frå juni til juli i år steig matprisane med 3,3 prosent.

Publisert: 11.09.2023 08:57

Sist oppdatert: 11.09.2023 08:57

Mer om