Prodtex Fiskaholmen mai 2021 11
KONKURS: Verksemda til Prodtex på Fiskåholmen er tidlegare gått konkurs. Gründerane har starta ny verksemd i Prodtex Norge med adresse i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Prodtex-selskap tvangsoppløyst

Slutt for tomt firma som var del av buet.

Marius Rosbach
02.12.2025

Sunnmøre tingrett tvangsoppløyste måndag selskapet Prodtex Teknologi AS i Ulsteinvik. 

Bustyrar Anne Hovde opplyser til Nett No at det tilsynelatande har vore eit tomt selskap utan aktivitet. Det stadfestar Prodtex-gründer Sigbjørn Nordstrand. 

– Det var eit tomt selskap som gjekk inn i buet, seier han til Nett No. 

Prodtex AS som gjekk konkurs tidlegare i år har vore registrert som eigarar av selskapet, men dei tidlegare gründerane har ikkje lenger noko med firmaet å gjere. 

Første skiftesamling er planlagt 12. januar neste år. 

Publisert: 02.12.2025 10:14

Sist oppdatert: 02.12.2025 10:14

Mer om