Kort fortalt

Protest mot Sulagondol

Fylkeskommunen med motsegn.

24.02.2023

Møre og Romsdal fylkeskommune protesterer mot planane til Flakk-konsernet om å bygge ein gondol til toppen av Sulafjellet, ifølgje NRK Møre og Romsdal.

I motsegna som er levert i samband med høyringa av reguleringsplanen, heiter det at Sulafjellet er eit markområde med høg naturverdi, der mykje av verdien ligg i fråver av tekniske inngrep og mulegheita for å finne fred og ro, ifølgje kanalen.

Fylkeskommune har også innvendingar på fleire andre område som og kritiserer planen for å vere uoversiktleg.

Publisert: 24.02.2023 14:47

Sist oppdatert: 24.02.2023 14:49

Mer om