Stig Remøy har levert ein klage til Fiskeridirektoratet etter å ha blitt sletta frå fiskarmanntalet for 2026, ifølgje Vestlandsnytt.
Herøyreiaren opplyser at opplysningane som Nav og Skatteetaten har henta inn, ikkje gir det rette bilde av arbeidet hans – og ber difor om å bli teke opp att som fullverdig medlem i manntalet.
I klagen frå advokaten hans blir det argumentert med at Remøy har fiskeri som hovudnæring, og at både tidsbruk og lønsinntekt i all hovudsak knyter seg til slik aktivitet.
Advokaten skriv at det berre er som eigar og styreleiar at Remøy har ei rolle i Olympic-systemet, men at det av praktiske omsyn er valt å gjere ei avløning via managementselskapet Olympic Shipping As, skriv avisa.
Nettstaden Kyst og Fjord meldte om nyheita først. Stig Remøy har ikkje svara på Nett No sin førespurnad om saka.
Publisert: 12.01.2026 05:54
Sist oppdatert: 12.01.2026 07:18






