NPK-NTB: Det er datterselskapet Kongsberg Discovery som blir etterforska.
Kongsberg Gruppen seier dei vil samarbeide med PST etter at det fredag vart kjent at det er starta etterforsking av mogleg brot på eksportkontrollregelverket.
– Vi har vorte kjende med, gjennom eit oppslag på NRK, at PST varslar at dei set i gang ei etterforsking av Kongsberg Discovery. Vi har etablert kontakt med PST og vil samarbeide og svare på dei spørsmåla dei har, skriv kommunikasjonsdirektør Ronny Lie i Kongsberg Gruppen i ein e-post til NTB.
PST stadfesta tidlegare fredag at dei har vedteke å setje i verk etterforsking av Kongsberg Discovery for brot på eksportkontrollregelverket.
– Hadde eksportlisens frå UD
Det skjer etter at NRK torsdag publiserte ei sak der NRKs journalistar saman med internasjonale kollegaer har avslørt at den statseigde Kongsberg Gruppen, Noregs største våpenprodusent, har selt teknologi som har hamna i Russland.
I meir enn ti år har kunden til dotterselskapet vidareselt avansert undervassteknologi frå Noreg og Vesten til Russland, ifølgje NRK.
– Dei to sala som blir omtalte i NRK-saka frå 2015 og 2018, med ei delbetaling i 2019, skjedde med eksportlisens frå Utanriksdepartementet og signert sluttbrukarerklæring frå kunde der dette var påkravd, skriv Lie.
Stansa sal i 2024
I 2024 greip PST inn og stansa eit sal, ifølgje NRK. Kongsberg Gruppen stadfestar opplysningane.
– Når det gjeld saka NRK nemner frå 2024, vart denne leveransen stoppa i samarbeid med PST. Varene vart ikkje leverte, skriv Lie.
NTB har også bede Forsvarsdepartementet om kommentar, men pressevakt Frank Lynum skriv at departementet ikkje vil kommentere saka fordi ho er under etterforsking.
Tidleg fase i etterforskinga
Kongsberg Gruppen er den største våpenprodusenten i Noreg, og den maritime avdelinga lagar også forsvarsteknologi for Nato. Kongsberg har skrive til NRK at dei har følgt regelverket, og at leveransane deira vart leverte i samsvar med dåverande eksportregelverk.
Politiadvokat Thomas Blom presiserer at dei er heilt i innleiinga av etterforskinga, men seier det er lite ønskjeleg at norsk strategisk utstyr hamnar på avvegar og i Russland.
– Det trur eg alle skjønner. Og i dagens geopolitiske situasjon så er det meir kritisk enn det var i 2015. Men det er derfor vi har eksportkontrollregelverket, og det er det vi skal etterforske, seier Blom.
Kongsberg Gruppen stadfestar at ein leveranse frå 2024 vart stansa i samarbeid med PST. Foto: Frederik Ringnes / NTB / NPK
Publisert: 26.10.2025 08:58
Sist oppdatert: 26.10.2025 09:00






