Gadus Alida Voldsfjorden torskeoppdrett foto Gadus Group
VOLDSFJORDEN: Alida-anlegget til oppdrettsselskapet Ode i Voldsfjorden opplevde ei stor rømming i 2022 etter det dei blei hol i tre merder. Foto: Ode (tidlegare Gadus Group)
Kort fortalt

På torskeeggjakt i fjordane

Skal gi kunnskap om rømt oppdrettsfisk.

NPK
25.03.2024

(NPK): Innsamling av torskeegg skal gi kunnskap om rømt oppdrettstorsk gyter langs kysten vår.

Saman med Havforskingsinstituttet (HI) leitar Fiskeridirektoratet etter torskeegg ved Meløy i Nordland og Voldsfjordenområdet i Møre og Romsdal, skriv dei på nettsidene sine.

Førebels har to tokt blitt gjennomført denne månaden, og eit tredje er planlagd like over påske.

Målet med innsamlinga er å finne svar på om rømt oppdrettstorsk gyter i desse områda.

– Vi veit for lite om korleis torskeoppdrett påverkar økosystemet rundt, og vi er særleg interesserte i å vite meir om gyting frå oppdrettstorsk og korleis dette kan påverke dei ville torskebestandane. Dette er spesielt viktig no som denne delen av oppdrettsnæringa veks, seier Britt Leikvoll, seksjonssjef for strategisk akvakulturseksjon i Fiskeridirektoratet.

(©NPK)

Publisert: 25.03.2024 12:25

Sist oppdatert: 25.03.2024 12:26

Mer om