Gadus Alida Voldsfjorden torskeoppdrett foto Gadus Group
VOLDSFJORDEN: Gadus Group hadde ei stor rømming frå Alida-anlegget i Voldsfjorden i fjor. I ettertid har selskapet opplyst at feil på nøtene var årsaka. Foto: Gadus Group
Nytt

Fleire pålegg til torskeoppdrettar

Fiskeridirektoratet fann fleire avvik ved tilsyn etter kjemperømming.

10.03.2023

Fiskeridirektoratet gir fleire pålegg til Gadus Group etter den store torskerømminga frå anlegget i Voldsfjorden.

Det skriv NRK Møre og Romsdal.

– Hendinga er svært alvorleg, men det er ikkje uvanlege avvik vi har gitt, seier Leni Marie Lisæter, som er konstituert seksjonssjef for akvakultur i direktoratet til kanalen.

Det vart avdekka følgjande manglar:

  • Selskapet har ikkje drive kontinuerleg overvakingsfiske før rømminga.
  • Verksemda har ikkje i tilstrekkeleg grad ein oppdatert beredskapsplan.
  • Risikovurderinga for rømming var ikkje god nok.
  • Beredskapsplanen inneheldt ikkje informasjon om korleis gjenfangst av rømt torsk kan gjerast meir effektiv.
  • Selskapet kunne ikkje dokumentere at tilsette hadde god nok opplæring for å unngå, oppdage og avgrense rømming.

Gadus Group har frist til måndag med å sende inn sine kommentarar til direktoratet.

Falk Øveraas som er samfunn- og myndighetskontakt i Gadus Group opplyser til NRK at bedrifta ikkje vil uttale seg før desse er sendt inn.

Publisert: 10.03.2023 12:14

Sist oppdatert: 10.03.2023 12:18

Mer om