Kort fortalt

Pålegg Statnett å greie ut krisetiltak

Kraftselskapa har ikkje endra åtferd.

01.07.2022

NVE pålegg Statnett å greie ut krisetiltak i frykt for forsyningssituasjonen av straum i vinter i Sør-Noreg.

Det kjem fram i eit brev frå NVE til Statnett torsdag, melder Europower.

Brevet er eit svar på eit brev frå Statnett førre fredag, der Statnett uttrykkjer bekymring for at kraftprodusentane ikkje har endra åtferd når det gjeld eksportvolum og prisar sidan Statnett auka beredskapen i Sør-Noreg frå «normal» til «stram» i slutten av mai.

Styresmaktene er mellom anna bekymra over historisk låge vassmagasin i prisområde NO2, Kristiansand.

NVE-sjefen, Kjetil Lund, skreiv fredag eit innlegg i Aftenposten der han uttrykkjer bekymring for det auka risikobiletet som er i energimarknadane etter den russiske invasjonen av Ukraina. Han skriv at kraftprodusentane kan ta inn over seg «det endra risikobildet når dei disponerer vatnet».

– I praksis betyr det å halde tilbake vatn slik at magasinfyllinga til hausten er tilstrekkeleg høg til å takle uventa hendingar neste vinter og vår, skriv Lund.

Etter Statnetts oppgradering av beredskapen i mai, har ikkje produsentane endra åtferd og det blir framleis produsert for eksport ut av Sør-Noreg.

Publisert: 01.07.2022 10:54

Sist oppdatert: 01.07.2022 10:55

Mer om