Kort fortalt

Røyrleggar og frisør-konkurs

To selskap har meldt oppbod på Nordvestlandet i løpet av veka.

Marius Rosbach
02.01.2025

Møre og Romsdal tingrett opna måndag konkurs i Strå Frisør i Molde. 

Frisørselskapet blei starta i 2017 og omsette for knappe 1,2 millionar i 2023. Gjelda er på kring 240.000 og verdiane på kring 200.000 kroner, ifølgje rettspapira. 

Torsdag opna retten konkurs i røyrleggjarselskapet KWL VA As, som er del av Kjell Wangberg Larsen Eigedom. Ålesund-bedrifta er oppført med ei inntekt på kring 3,2 millionar i 2023. 

Då konkursen blei opna fekk retten opplyst at selskapet hadde ei gjeld på kring 600.000 og verdiar for kring 250.000 kroner. 

Ifølgje heimesida til selskapet har dei meir enn 40 års erfaring i bransjen. 

Publisert: 02.01.2025 16:24

Sist oppdatert: 02.01.2025 16:24

Mer om