Kort fortalt

Rakettvekst for Nofence

Men også stort underskot.

Marius Rosbach
21.07.2022

Rekneskapen til Nofence for 2021, viser at gründerselskapet har fått fart på salet.

Teknologiselskapet på Batnfjorøra lagar klaver til geit, sau og storfe, som skapar virtuelle gjerde for husdyra. Det sparer dyreeigaren for kostnadar til å sette opp gjerde og gjer det lettare å flytte dyra.

Selskapet har store vekstambisjonar, men det har teke lengre tid å få fart på veksten enn venta. I 2021 skaut inntektene i veret til 61 millionar kroner, frå 26 millionar året før (sjå tabell under).

Underskotet vart også større med eit driftsunderskot på 26 millionar.

Nofence har fått betydeleg støtte frå Innovasjon Norge, til å utvikle produktet for eksport. Selskapet har også fått hjelp til teknologiutviklinga av voldingen Tarjei Vassbotn.

Nofence As

Årsresultat (i mill kr)



2021

2020

Driftsinntekter

61,4

26,6

Driftsresultat

-26,6

-15,9

Res. før skatt

-27

-16,8

Publisert: 21.07.2022 13:35

Sist oppdatert: 21.07.2022 13:48

Mer om