Alida torskeoppdrett foto ode
KAN BLI UTFORDRANDE: Når oppdrettstorsk rømmer kan det bli ei utfordring for kysttorsk. Det syner ein fersk rapport. Illustrasjonsfoto: Ode
Kort fortalt

Rapport: Oppdrettstorsk kan truge kysttorsken

Ny risikovurdering frå Havforskingsinstituttet.

NPK
09.12.2025

(NPK): Fordi torskeoppdrett ikkje er like utbreitt som lakseoppdrett, er det forska mindre på potensielle utfordringar næringa har for norske fjordar.

Havforskingsinstituttet (HI) si nye risikovurdering peiker på fleire moglege problem.

– Det vi har konkludert med denne gongen er at det er rømming og gyting i merd som utgjer dei største risikokjeldene. Vi er bekymra for dei eventuelle langtidseffektane det vil ha om oppdrettstorsken får blande seg med den ville kysttorsken, seier forskar Nina Sandlund til NRK.

Kva genetiske konsekvensar ei rømming kan få for kysttorsken, er avhengig både av mengda rømt fisk og korleis kysttorsken i området har det.

– Frå lakseoppdrett veit vi at talet på rømlingar er høgare enn det som vert rapportert, og det er truleg også tilfelle for oppdrettstorsk, seier forskar Sandlund.

Det er knytt stor usikkerheit til kva effekt rømt oppdrettstorsk kan ha. Rapporten peikar likevel på at det er viktig å hindre rømming og utslepp av befrukta egg.

Rapporten viser at rømming og gyting i merd er dei største miljørisikoane knytt til oppdrettstorsk. I dag er mengda oppdrettstorsk så lita, at risikoen for påverknad er størst på lokalt nivå. Men forskarane peikar på at risikoen truleg blir større om det blir meir torskeoppdrett.

(©NPK)

Publisert: 09.12.2025 09:39

Sist oppdatert: 09.12.2025 13:24

Mer om