Kort fortalt

Raudgrønt fleirtal på ny måling

TV 2s ferske partibarometer.

05.12.2023

(NPK-NTB): Resultatet av TV 2s ferske partibarometer viser at det er raudgrønt stortingsfleirtal for første gong sidan i oktober i fjor.

Målinga viser også at Arbeidarpartiet går opp 4,1 prosentpoeng sidan førre måling i november. Partiet får ei oppslutning på 20,9 prosent.

– Eg trur det kjem av at folk, i ei tid som er krevjande for veldig mange og der mange har fått dårlegare råd, ser og oppfattar at vi prioriterer det framfor noko anna, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til TV 2.

SV gjer den beste TV 2-målinga si sidan før valet i 2005, og partiet får ei oppslutning på 10,8 prosent.

For Høgre er det derimot snakk om den svakaste TV 2-målinga sidan februar 2022, sjølv om partiet framleis er landets største. Høgre får ei oppslutning på 25,4 prosent – ned 2,1 prosentpoeng frå november.

Oppslutninga til resten av partia er som følgjer (endring i prosentpoeng frå førre måling): Raudt 6,4 (0,8), Sp 7,9 (1,7), MDG 2,6 (-2,1), Venstre 4,7 (-1,5), KrF 3,1 (-1,6), Frp 11 (-1,1), INP 4,4 (0,1) og andre 2,9 (0,8).

Meiningsmålinga er gjennomført av Verian, tidlegare Kantar. TV 2 har ikkje opplyst om feilmarginen frå undersøkinga.

(©NPK)

Publisert: 05.12.2023 10:15

Sist oppdatert: 05.12.2023 10:16

Mer om