Kort fortalt

Raumabanen opna igjen

Var steng på grunn av uvêr.

11.08.2023

NPK-NTB: Etter å ha vore stengd som følgje av uvêret Hans, opna Raumabanen for trafikk igjen fredag morgon.

Ved 7.30-tida fredag melder Bane Nor at Raumabanen er opna for trafikk mellom Dombås og Åndalsnes. Dei skriv også at trafikken går som normalt.

Pressevakt Olav Nordli i Bane Nor seier at det mest sannsynleg ikkje er nokon andre togstrekningar som opnar fredag.

– I Gudbrandsdalen er det framleis mykje arbeid som står att, seier Nordli til NTB.

Gardermobanen opna torsdag, medan Bergensbanen førebels er stengd fram til måndag, viser nettsidene til Bane Nor.

Publisert: 11.08.2023 10:12

Sist oppdatert: 11.08.2023 10:12