Kort fortalt

Reallønsnedgang i fjor

Gikk opp for tilsette i stat og kommune.

16.02.2024

NPK-NTB: Prisane auka meir enn lønna til nordmenn flest i fjor, og dermed har folk mista kjøpekraft, viser nye tal frå Det tekniske berekningsutvalet (TBU).

– For lønnstakarar under eitt viser førebelse tal frå nasjonalrekneskapen at veksten i gjennomsnittleg årslønn frå 2022 til 2023 var 5,3 prosent. Lønnstakarar med ei slik årslønn og lønnsvekst har fått ein nedgang i reallønn etter skatt på 0,4 prosent frå 2022 til 2023, skriv TBU i den førebelse rapporten sin.

For dei ulike gruppene var utviklinga slik i fjor:

* Industriarbeidarar enda med ei flat utvikling og hadde 0,0 prosent endring i reallønn, medan industrifunksjonærar fekk ein reallønnsnedgang på 1,4 prosent.

* Tilsette i Virke-bedrifter i varehandel fekk svekt kjøpekrafta med 0,9 prosent, og for tilsette i finanstenester var nedgangen på 1,1 prosent.

* I offentleg sektor gjekk reallønna noko opp. Statstilsette fekk ein reallønnsvekst på 0,4 prosent, medan veksten var på 0,5 prosent for kommunetilsette.

TBU sørgjer for at partane har likt talgrunnlag og ei mest mogleg felles forståing av situasjonen i norsk økonomi når dei skal forhandle om lønnsoppgjeret.

4,1 prosent prisauke
Prisane i Noreg vil auke med 4,1 prosent i år, ifølgje Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU), som tek atterhald om at anslaget er usikkert.

Talet er noko lågare enn i fjor då prisveksten enda på 5,5 prosent.

Anslaget er usikkert, skriv TBU.

Dei siste månadene har kronekursen styrkt seg, og prisen på kraft har gått ned.

– Uvissa er spesielt knytt til utviklinga i kronekursen, energiprisane og internasjonal prisvekst. Utvalet vil leggje fram eit nytt anslag for prisveksten 12. mars, skriv utvalet.

Jobben frå utvalet er å berekne pris- og lønnsnivå og lønnsvekst i ulike bransjar i forkant av lønnsoppgjeret. Slik skal ein sørgje for at partane i lønnsoppgjeret nyttar same talgrunnlag når dei forhandlar.

Årets oppgjer er eit hovudoppgjer, noko som betyr at det kan forhandlast både om lønn og om andre rettar i tariffavtalane.

Tala som vart lagt fram fredag, er frå TBUs førebelse rapport.

Publisert: 16.02.2024 09:53

Sist oppdatert: 16.02.2024 09:53