Redaktør på plass for ny lokalavis
Frå rektorjobb i Ålesund til Aukranytt.
Tor Arne Aasen (45) blir redaktør i Aukranytt, den nye lokalavisa for Aukra som blir lansert i august.
Det er mediekonsernet Tvisyn som startar det som blir ei nettavis og månadleg papirutgåve.
– Oppstart av nye lokalaviser er ikkje akkurat daglegdags. Å attpåtil få vere den som skal leie arbeidet med å bygge Aukranytt er ein unik sjanse eg går til med stor entusiasme, men også audmjukheit i høve å lære mykje nytt, uttaler Aasen i ei pressemelding frå sin nye arbeidsgivar.
Han har vore rektor i 16 år, seinast ved Spjelkavik barneskole i Ålesund. Han har óg erfaring frå media som journalist i Storfjordnytt og som frilans fotograf/skribent i 25 år, ifølgje meldinga.
Publisert: 03.07.2024 11:34
Sist oppdatert: 03.07.2024 11:34