Det vart selt 700 millionar liter petroleumsprodukt i oktober i år, opp 2,3 prosent samanlikna med oktober i fjor. Snittprisen låg på over 17 kroner literen.
Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) vart det selt 77 millionar liter bensin i oktober. Det er ein nedgang på 3 prosent.
Snittprisen for ein liter 95 blyfri bensin låg på 17,37 kroner, som er 1,88 prosent høgare enn september. For eitt år sidan låg prisen på 14,43 kroner.
Salet av autodiesel enda i oktober på 254 millionar liter, som er same talet som oktober i fjor. Her låg snittprisen per liter på 16,28 kroner, som er 5,1 prosent høgare enn førre månad. For eitt år sidan var snittprisen 13,20 kroner.
Den samla nedgangen i sal av drivstoff til vegtrafikken ligg på 0,9 prosent i oktober, ifølgje SSB.
Salet av drivstoff til fly – jetparafin – enda på 62 millionar liter i oktober. Det er ein auke på 21,6 prosent samanlikna med same månad i fjor.
Publisert: 22.11.2021 12:01
Sist oppdatert: 22.11.2021 12:02