Kort fortalt

Regjeringa foreslår å dele tre storfylke

Sju fylke kjem attende.

12.05.2022

Elleve fylke blir truleg til 15 frå 1. januar 2024. Akershus, Buskerud, Østfold, Telemark, Vestfold, Troms og Finnmark gjer comeback som eigne fylke.

– Om Stortinget gjer vedtak om deling før sommaren, ligg alt til rette for at dei nye fylka kan vere klare frå 1. januar 2024, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Viken skal delast i tre, og Akershus, Buskerud og Østfold kjem attende. Vestfold og Telemark blir delt i to, og det same skjer med Troms og Finnmark,

– Vi følgjer opp regjeringserklæringa og foreslår deling tilbake til dei gamle fylka. Dette er ein god dag for lokaldemokratiet, seier Gjelsvik.

Forslaget om deling av Viken seier førebels ikkje noko om kva for fylke Jevnaker og Hole kommune skal tilhøyre. Det vil regjeringa komme tilbake til i ein tilleggsproposisjon for Stortinget.

Regionreforma til den borgarlege regjeringa vart vedteken i 2017 og tredde i kraft frå årsskiftet 2020. 19 fylke vart til då til 11.

Vestland, Agder, Innlandet og Trøndelag held fram som samanslåtte fylke.

Publisert: 12.05.2022 12:52

Sist oppdatert: 12.05.2022 12:53